Kongens ferieby
Hua Hin er Thailands eldste strandby. Den ligg på vestkysten av Siambukta, 170 kilometer frå hovudstaden Bangkok. Hua Hin er ein populær turistby, både for (kvite-) utlendinger(falang) og thaiar. Allereie på 1920-tallet fekk Thailands konge sin faste sommarstad her, og oppretta jernbanelinje direkte frå Bangkok. Palasset, Klaikangwon, oversatt til Langt Fra Bekymringene-palasset, vart brukt av Thailands avdøde konge, den høgt elska kong Bhumibol. Dette har kome Hua Hin til gode, blant anna med ein ypperlig infrastruktur. Thailands elite har også brukt, og brukar dette som sin ferieby.
I Hua Hin finn du nokon av Thailands mest moderne fasilitetar utanfor Bangkok. Dei siste åra har myndighetene jobba hardt for å ordne stranda, og badevatnet har blitt klart forbetra. Det er òg laga fleire sykkelvegar no, og fleire og fleire har byrja å sykla. Dette skal nok Dronninga ha æra for, Bike for Mom vart starta som ein hyllest til hennar 83 årsdag 16 august 2015. Deretter fylgde Kongen på med Bike for Dad.
Hua Hin er i rask ekspansjon, det foregår stadige utbyggingar både av hus, hotel og condominiums. Dei siste åra har det poppa opp nye byggefelt, nye golfbanar bygges, eit enormt kjøpesenter(«BluePort») er opna, og små bedrifter opnar omtrent kvar dag(kafeer, restauranter, «streetfood» sjapper, spa, barer osv). Det er opna ein stor ny stadion, «True Arena», og eit stort badeland, «Vananava».
Les meir om Hua Hin historie »
Attraksjonar:
Big Buddha/ «Wat Huay Mongkol
Hin Lek Fai
Takiap Mountain
Kongepallasset
Klai Kang Won Palace
Ratchapak Parken (7 konger av Thailand statuer)
Aktivitetar:
Golf
Badeland
Aktivitetsparker
Go-cart
Sykling
Kiting
Badestrender:
Bystranda
Takiap Beach
Soan Soan
Khao Thao
Sai Noi
Khao Kalok
Shopping:
Kjøpesenter:
- Market Village
- Villa Market
- Hua Hin Mall
- Blue Port
Marknader:
- Night Market
- Tirsdagsmarkedet
- Cicada
- Tambmarin
Uteliv:
Binta Baht
Soi 88
Soi 94
Korleis komma seg frå Bangkok til Hua Hin?
Det finnest ulike måter å koma seg frå Thailands internasjonale flyplass, Suvarnabhumi, i Bangkok til Hua Hin på:
Taxi
- Ein kan ta taxi direkte frå flyplassen, det er bare å ta seg til 1 etasjen og utanfor der står det nokon som jobbar med å henvise taxier. Avtal pris på forhånd! Ha addressa til destinasjonen din klar, helst på thai, då dei fleste sjåførane ikkje er kjende i Hua Hin.
- Ein kan bestille minibuss på samme vis, denne er noko dyrare, men tar fleire passasjerer og meir bagasje. Dei fleste minibussane er flotte, med gode seter som du kan legge ned.
BTS og Minibuss
Ein kan ta Skytrain(BTS), tog eller taxi til sentrum av Bangkok, til Victory monument, her går det minibusser frå, kontinuerlig. Spør deg fram til rett minibuss, for her er det mange å velge i, til ulike destinasjoner. Turen til Hua Hin koster 180 Baht per person, har du koffert må du mest sannsynleg betale for ein passasjer ekstra, då desse bilane ikkje har mykje baggasjerom. Desse stopper på faste stader undervegs, siste stoppestad er midt i Hua Hin sentrum. Er du heldig er det siste turen til denne sjåføren, eller han har ein pause, så kan det vera mogeleg å betale han for å køyre deg der du skal, ellers må du finne deg ein TukTuk eller taxi vidare.
Tog
Ta Skytrain, tog eller taxi til togstasjonen, og tog til Hua Hin togstasjon.
VIP buss
Direkte buss. Dette er flotte bussar med veldig gode seter. Denne stopper i Cha Am og Hua Hin og bruker 3-4 timar. Dette er ein veldig trygg og behageleg måte å reise på, og koster 269 THB + 50 THB per person for onlinebooking, inkl. ein liten handbaggasje og ein normal koffert (20kg). Du finn skranken: “Pattaya – Hua Hin” på 1 etasje nær utgang 8. Bussen stoppar på 2 stadar; 1. utanfor Bangkok Bank ved Cha-Am avkjørselen. 2. Hua Hin FlyBusstasjon , dette er endestasjon. Avgangane frå Hua Hin går herifrå. Det kan no bare kjøpes billetter via internett!!