Bangkok – våre opplevingar her
Bangkok, som regel stoppar me ikkje her. Men det har hendt, og ved ein anledning fekk eg nok
Hua Hin – våre opplevingar her
Her har me hytto vår, så her har me vore «eit par turar». Her har eg skrive litt om livet vårt her
Chiang Mai – våre opplevingar her
Løy Kratong i Chiang Mai har me vore så heldige å få oppleve to gangar, det kan du lese om her
Kanchanaburi -våre opplevingar her
Broen over Kwai har dei fleste høyrt om, les om vår tur her
Kongeriket Thailand er eit land i Sørøst-Asia, nord og vest for Thailandbukta (Sør-Kina-havet) og omfattar deler av Malayahalvøya. Landet grensar til Malaysia i sør, Kambodsja i sørøst, Andamanhavet (Det indiske hav) og Myanmar i vest, og Laos i nord og øst. Landet har omlag 70 millioner innbyggere, og eit areal på 514 000 km². Befolkninga er hovudsakleg buddhistiske thailendere. Den omfattar også ein betydeleg kinesisk minoritet.
Etter den fyrste turen vår til Thailand i norvember/desember 2005, har det blitt minst ein tur i året. Det er lett å forelske seg i landet. Klimaet er flott, kanskje litt vela varmt innimellom, og luftfuktigheten kan bli plagsom. Men stabilt varmt er det 🙂 Det er ikkje me som bur i Noreg bortskjemte med.
Maten er fortreffeleg.
Gode smakar og sterkt krydra mat er heilt etter våre ganar.
Sjølv om Hua Hin er basen vår har me reist litt rundt i landet etter kvart, både over lange avstandar og i nærområdet rundt Hua Hin og Bangkok. Både med buss, fly og på eigen scooter.