Tulipanbløming
I mange år har eg hatt eit stort ønske om å få med meg tulipanbløminga i Amsterdam, den offisielle hovedstaden i Nederland, landets største by, og ligg i provinsen Noord-Holland.
Endeleg kom dagen då me tok turen. Ein fire dagers tur til Amsterdam, inkludert ein dag i Keukenhof. Ei oppleving!
Keukenhof kan anbefalast på da sterkaste
Amsterdam i seg sjølv vart ein liten skuffelse, det var ein idyllisk og flott stad, men eimen av hasj, som låg som eit teppe over store delar av byn, vart kvalmande. Eg skjønar at dei som likar dette finn sitt paradis her, men for meg vart det for mykje. Som ikkje-røykar med eit ønske om å sitje ned ein stad og nyte eit glas vin eller øl, utan røyk eller hasjrøyk, var ikkje enkelt.
Shopping
Coffee shops, sex shops og suvernirbutikker låg på rekker og rader. Suvernirbutikk var vel kanskje ikkje rette fortegnelsen for desse butikkane. For suvernirer, sexleketøy og hasjkaker/slikkepinner ol. fekk du verkelig kjøpt i ein og samme butikk, over alt i sentrum.
Samstundes er det å sjå utstillingsvindaugo med lettkledde damer til salgs, noko som gjer ein ille til mote.
Men det er jo dette Amsterdam er kjendt for, så kan man like det eller la være. Eg kan no krysse av for å ha vert her…
Anne Frank
Me hadde tenkt oss på besøk i Anne Frank Huset, ein av Amsterdams mest kjende attraksjonar/museum. Hadde lest at her var det lurt å koma tidleg på morgonen, for pågongen var stor og køen lang. Som sagt så gjort, me var tidleg ute, men ikkje tidleg nok…..køen var allereie uendeleg lang, og sidan det i tillegg småregna, droppa me det heile. Var litt for mange timar i kø….
Dårleg service
Vi hadde vel vår eklaste matoppleving her. Den med dårlegaste sevice. So pass at eg vil fortelje om den.
Mexicansk mat midt i byn – aldri meir!
Mexicansk mat er me veldig glade i, og fann ein i ei av Amsterdams gater. Vi fekk oss eit bord, etter litt tid. Ein meny etter enda lengre tid. Byrja lure på om me berre skulle gå. Til slutt fekk me bestillt. Atle sin rett og eg min, to forskjellige. Langt om lenge fekk dama på bordet ved sida av oss mat, ho kom etter oss. Så eg kommenterte til Atle at eg trur ho har fått hans mat. Dama byrjar å eta…
Så får eg min mat, og Atle sin… Feil mat! Vi gir beskjed om at den er feil. Og det gjer dama også… Då tar servitøren å bytter tallerker! Eg gir klar beskjed om at dama har jo ete av maten. NEI seier kelneren, JO!! utbryter både eg og dama. Kelneren tar deretter maten med seg, dritsur! og kjem om ei stund tilbake med maten. Den dag i dag angrer eg på at vi ikkje berre gjekk!!
- Amsterdam
- Keukenhof