Angkor er ein stor ruinby i nordre Kambodsja, rett nord for Tonlé Sap-sjøen eit stykke utenfor den nåværande byen Siem Reap. Byen var sentrum i eit rike med same namn frå 800-tallet til 1400-tallet.
Sentrum
Områdets sentrum er Angkor Thom, som var den eigentlege byen, og er omringa av ein mur og vollgrav. Dei mest kjende bygningane er tempelet Angkor Wat rett sør for Angkor Thom og Bayon inne i byen. Rundt Angkor finnes store dammar og restar av eit kanalsystem som var grunnlaget for rikets makt då det muliggjorde fleire og betre risavlingar.
Det finnes omkring 72 større ruinar i området og opp mot tusen mindre. Dei er samla på eit område som er omtrent 24 kilometer frå øst til vest og omtrent 8 kilometer nord til sør; nokre stadar ligger riktignok lengre derifrå, sånn som Kbal Spean, omtrent 48 kilometer nordover. Det er bare bygningane i stein som har blitt bevart ettersom dei i tre har råtna vekk. Ein trur at det forutan dei mange templene, murane og anna i stein også har forekommet store trebygningar, blant anna eit kongeleg palass.
Restaurering
Angkor vart ført opp på UNESCOs verdsarvsliste i 1992. Eit omfattande restaureringsarbeide pågår, deriblant rydding av skog, reparasjonar av grunnen og installasjon av drenering for å beskytte bygningane frå vasskadar. For å kunne redde visse templer har det vært nødvendig å ta dei frå kvarandre stein for stein og bygge dei opp på mer stabil grunn. Angkor er mål for massiv turisme med opp mot ein million besøkande i året, noko som vanskeleggjer restaureringsarbeidet.
Historie
Frå omlag 860 e.Kr. tjente Angkor som hovudstad og religiøst sentrum i Khmerriket. Byen vart grunnlagt av Yashovarman etter shivaitisk mønster med shivatemplet Thom Bakheng som byens sentrum. Byen fortsatte å vokse under Yashovarmans etterfølgara. Det største tempelet, Angkor Wat, vart bygget mellom 1112 og 1150 av Suryavarman II.
Angkor vart inntatt og rasert av chamfolket i år 1177, men vart sidan restaurerert av den buddhistiske kong Jayavarman VII, som bygde Angkor Thom, ein tempelby rett nord for Angkor Wat, kor det berømte Bayon vart oppført i sentrum. Under den mahayanabuddhistiske tida vart mange templer omgjort fra hinduistiske til buddhistiske, for seinere, då hinduismen igjen vart statsreligion, igjen bli hinduistiske, før statsreligionen definitivt vart theravadabuddhistisk på 1300-tallet.
Etter at kong Ponhea Yat vart beseira av Siam (Thailand) i år 1431, vart Angkor forlatt til fordel for det sydligare liggande Phnom Penh, som var mindre mottageleg for thailendernes angrep; Angkor Wat fortsatte likevel å være ein helligdom for buddhistiske pilegrimar.
Angkor forblei i stor grad bortgløymt og overvokst av jungelen fram til slutten av 1800-tallet då franske arkeologar innleda ei lang restaureringsprosess, frå 1907 til 1970 under leiing av École Française d’Extrême-Orient. Arbeidet måtte opphøyra på grunn av borgerkrigen i Kambodsja, men vart gjenopptatt i 1993, koordinert i fellesskap av Frankrike, Japan og UNESCO.
Kjelder: