Island, ei lita øy, eit lite rike, langt nord. Fasinerande! Flott! Fargerikt! Villt! Vakkert!
Eg har vore der to ganger, fyrste gong i slutten av oktober 2011 og andre turen i månadskifte mai-juni 2014. Begge gongane fantastiske opplevingar.
Landskapet er nakent, men utruleg fargerikt og storslagent. Svovellukta blir ein vane med litt etter litt. Den Blå Lagune burde me hatt på blå resept, ein gong i veka 🙂
Reykjavik
Reykjavík er Islands hovudstad, og største by, og godt over 60 % av landets 330 000 innbyggere bur i eller rundt Reykjavík.
Hafnarfjordur
Hallgrimskyrkja
«Hallgrims kirke» er den største kyrkja på Island. Den er 74,5 meter høg og ligg på ein ås rett sørøst for sentrum av Reykjavík. Kyrkja er oppkalt etter Hallgrímur Pétursson, ein islandsk poet og salmediktar.
Arkitekten Guðjón Samúelsson byrja å teikne kyrkja i 1937, men bygginga starta ikkje før i 1945, og den vart ferdig i 1986, etter 38 års byggetid. Da spesiella tårnet, vart ferdigbygd før den tid. Ein kan ta heis opp til toppen for å sjå utsikten.
Framfor kyrkja står statuen av oppdagaren Leiv Eiriksson, mannen som oppdaga Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i 1930, for å feire Alltingets 1000-årsjubileum.
Inne i kyrkja står eit spektakulært orgel bygget av Klais Orgelbau. Det har vore brukt av konsertorganist Christopher Herrick til å spela inn «Organ Fireworks VII», ei innspeling som har gjort kyrkja kjent over heile verda. (Kjelde: wikipedia)
Fjörukráin – The Viking Village i Hafnarfjörður
Vikinglandsbyen er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane på Island. Den består av eit hotell og små gjestehus for vennleg innkvartering innreda i middelaldertema, med ein tradisjonell islandsk restaurant med fleire ulike hallar og sitteplassar.
Den Blå Lagune
The Golden Circle
Den gyldne sirkel er Islands mest populære turistrute. Dei tre største høgdepunkta er Gullfoss, den geotermiske dalen Haukadalur, med sine mange kilder og geysirer, og Þingvellir nasjonalpark, den einaste UNESCOs verdsarvstaden på fastlands Islands og fødestaden til landets parlament.(www.guidetoiceland.is)
Geysir i Haukadalur
Geysir, naturleg varm kjelda som med mellomrom har utbrudd kor varmt vatn og damp blir kasta høgt opp i lufta.
Utbrudda skuldas at grunnvatnet i underjordiske kanalar blir varma opp så mykje at det byrjar å koke. Dette skjer gjerne nær ei størknande smelte nede i djupet. Idet dampblærene utviklar seg, skjer ein plutseleg trykkavlastning i djupet, med støtkoking og eksplosjonsarta utstøting av vatnet som resultat. Neste utbrudd kjem først når tilstraumande grunnvatn er blitt tilstrekkeleg oppvarma att. (Kilde:https://snl.no/geysir)
Thingvellir Nasjonalpark
Þingvellir nasjonalpark, eller Tingvalla på Island, er ei slette i ein dal på Island, og blir rekna som ein del av verdsarva. Staden ligg ved den største innsjøen på Island, Þingvallavatn. Tingvellir skal vera den staden der islendingane heldt sitt første landsting, kring år 930. Det islandske parlamentet Alltinget fører historia attende til Alltinget frå norrøn tid. Tinget fungerte òg som ein domstol.
Utover den historiske verdien sin er Þingvalla òg kjend for eit variert og vent geologisk landskap. Tingstaden er omgjeven av bratte veggar av stein og vulkansk lava, som står att frå den tida Thingvallavatn oppstod gjennom ein sprekk mellom kontinenta for tusental år sidan. I området er det mange jordskjelv.
Området vart erklært som nasjonalpark i 1928, og vart teke med på UNESCO-lista over verdsarv i 2004.
Þingvallakirkja
Þingvalla kyrkje ligg i nasjonalparken ved Þingvallir og den tilhøyre Þingvalla Prestakalli i Árnes bispedømme. Kyrkjebygningen som står der no, vart reist i 1858 og innviet 1. juledag i 1859.
Ein antar at den første kyrkja på Þingvellir vart reist i 1017 av biskop Bjarnhard Vilráðsson den boklige, men han skal ha henta kyrkjeved frå kong Ólaf Haraldsson i Norge.
Pastor Símon Beck fekk bygga kyrkja som står i dagi 1858. Kyrkjetårnet vart bygga i 1907, i det henger tre klokker, ei gammal, ei anna frå år 1697, og den tredje, men også den største er den såkalte Íslandsklukka fra 17. juni 1944. Preikestolen til kyrkja er frå 1683.
I 1928 vart det bygga ein prestebolig ved sida av Þingvalla kyrkje. Frå 1958-2000 var soknepresten i Þingvallar kyrkje òg nasjonalparkvokter på Þingvallar.
Gullfoss
Gullfoss består av to fosser. Den øverste er 11 meter og den nedre er 20 meter. Den totale høgda på Gullfoss er derfor 31 meter. Juvet er omtrent 2,5 km langt og opp til 70 meter djupt og reflekterer store breflommer der elva skar ut kanalen på slutten av istida.
Kerið
Kerið er ein vulkansk kraterinnsjø i Grímsnes-området på Sør-Island.
Stykkisholmur
Me tok oss ein dagstur til Stykkisholmur. Me køyrte over fjellet bort og rundt heile halvøya på tilbaketuren.
Det var mangt og mykje å ta bileter av.
Biltur i fasinerande landskap
Skàlholt (Selfoss)
Da fyrsta bispesetet på Island vart grunnlagt her i 1056, og var sentrum for kykjeleg makt på Island i 740, fram til 1796.
Skàlholt var i mange århundre eit av dei viktigaste stadane på Island, eit politisk og religiøst sentrum.
Katedralen som står no, vart innvia i 1963. Den står på samme stad som dei ni kyrkjene før den.
På den andre sida av katedralen står det ein kopi av kapellet Þorláksbúð, som vart øydelagt i 1785, i eit av dei verste jordskjelva i islandsk historie.
Dyreliv
Republikken Island
Varme kjelder
- Den blå laguna (Bláa lónið)
- Þingvellir
- Geysir
- Gullfoss
- Vatnajökull