Tallinn – vår tur
Ein gong fann me vegen til Estland og Tallinn. Litt tidleg på våren så det var surt og kaldt, men for ein interresant by. Les om turen vår her
Landets historie
Landet er litt mindre enn Finnmark fylke.
Etter å ha blitt annektert av Sovjetunionen i 1940, fekk landet tilbake sitt sjølvstende i 1991. Myndighetenes forhold til Russland og den store russiske minoriteten i landet er dårleg.
Estland (namnet) kan vere etter folkeslaget estere, nemnt i skriftlege kilder frå det 1. århundre e. Kr., eller det gamle norrøne namnet Eistland, av folkenamnet eistr (‘esternes land’).
Eit av verdas minst religiøse land
Estland er eit av verdas minst religiøse land; 75,7 prosent av befolkninga er utan religion. Av dei øvrige er 14,8 prosent medlem av den evangelisklutherske kyrkje og nesten like mange er medlem av den østlige ortodokse kyrkje.
Forventa levealder ved fødsel er 79,4 år for kvinner og 68,6 år for menn (2013).
Befolkningstilveksten er negativ blant anna på grunn av aldersstrukturen (ein høg andel eldre) og utvandring.
Plyndring og krigar
Estland var opprinnelig bebudd av finsk-ugriske stammer. Fra 800-tallet reiste vikingar gjennom Estland. På 1000-tallet dreiv estere plyndrings- og handelstokter til Sverige og Danmark. Russera angreip særskilt den sørøstre delen av Estland fleire gangar i middelalderen.
Tyskarar og danskar angreip Estland og andre baltiske områder med korstog sidan esterne ikkje var kristna. I slaget ved Viljandi i 1217 vart esterne slått av tyske riddarar, latviarar og livere. Den sørlige delen av landet vart lagt under Sverdridderordenen og biskopen av Riga.
I nord lot tyskerne danskekongen Valdemar Seier erobra blant anna Tallinn (‘den danske byen’). Dansk kolonisering fulgte ikkje erobringa; derimot kom det til fleire estiske opprør. I 1346 solgte kong Valdemar Atterdag Nord-Estland til Den tyske orden som Sverdridderordenen var blitt ein del av.
Handel med russarane
Tyskarar herska over Estland i fleire hundre år og fleire av byane var medlem av Hansaforbundet. Dei fekk velstand gjennom handel med Russland. På 1500- og 1600-tallet vart dei estiske bøndene livegne. På 1500-tallet prøvde russerane å erobra Estland, men landet vart delt mellom Polen, Sverige og Danmark. I 1648 avstod Danmark sin del til Sverige og i 1721 (freden i Nystad) vart heile Estland russisk.
Sjølvstende
I februar 1918 erklærte Estland sjølvstende etter at finnane og baltiske tyske styrkar hadde hjulpet til med å få ut bolsjevikarane. Estland fekk eit liberaldemokratisk styre med autoritære innslag. Ved freden i Tartu i 1920 anerkjente Sovjetunionen Estlands uavhengighet “til evig tid”. I 1920-åra var den politiske situasjonen ustabil og i 1937 fekk landet ein forfatning med delvis korporativt preg.
I 1940 vart Estland erobra av sovjetiske tropper og innlemma i Sovjetunionen som ein sovjetrepublikk. Landet vart okkupert av Tyskland i 1941 og re-okkupert av Sovjetunionen i 1944.
Etter den andre verdenskrig foregjekk ein betydelig innvandring av russarar og deportasjon av estere til Sovjetunionen. I 1980-åra foregjekk ei nasjonal oppvaking med krav om økonomisk og politisk uavhengighet. Under statskuppet i Sovjetunionen og landets samanbråt i 1991 erklærte Estland uavhengighet. I 1992 vart mynteininga kroon innført.
Estland vart medlem av NATO og EU i 2004 og innførte euro som valuta i 2011.
Sidan 1990-åra har esternes forhold til den russiske minoriteten, som krev statsborgerskap og stemmerett, samt grensetvistar med Russland, vært dei største politiske problema.
Kjelder: