Fyrste tur til Kreta
Me reiste fyrste gang til Kreta i slutten av april 2012. Den gang var me bare ei veka, hadde bestilt leigebil på nett og den stod klar på flyplassen. Vi fann fort ut at standarden på leigebilar var heller dårleg på Kreta, for å sei det mildt. Så i staden for å påpeike alle småskadane på bilen i skjemaet, vart det bare sett eit stort kryss på heile bilen, samt at me tok bilder i alle vinkler for å sikre oss. Bilen var ikkje eit vrak, missforstå meg ei, men den var full av skadar i lakk, og småbulker, som me ikkje ville bli beskyldt for å vera årsak til i ettertid.
Nydelege lagunar og mykje historie
Me hadde booka opphald på Renieris Hotel i Stalos, og var strålande nøgde, ein perfekt stad for oss. Dette var så tidleg på våren at det var for tidleg med det heilt store strandlivet, havet var i kaldaste laget men været var flott. Med hotellet som base køyrde me rundt på Kretas nordvestlige del, samt langs vestkysten ned til Elafonissi, og innlandet over fjellet heimatt. Aldeles flott!
Sidan me bur på vestlandet følte me oss heime på dei dårlege vegane her, sjølv om stupa ned kunne vera i meste laget for høgdeskrekken, særlig når man møtte bilar og måtte heilt på kanten, var hjerta i halsen.
~Me rakk over veldig mykje på denne fyrste turen, syntes me~
Hadde ein dagstur til Rethymnon, kor me var i The Venetian Fortezza , i museum, vandra i dei gamle gatene og knipsa hundredevis av bileter.
Me hadde ein fantastisk dag til Balos Beach and lagoona i Kissamos, der vi parkerte ca ei mil frå stranda sidan vegen var tilnærma ukøyrbar med vår bil. Men den spaserturen var bare heilt flott. Då me kom fram til parkeringsplassen fann me jo ut at dei fleste ikkje brydde seg om dårleg veg, og det er vel ein av grunnane til at bilane ser ut som dei gjere.
Etter parkeringsplassen byrja dei to siste kilometrane på sti ned til lagunen, og for ein lagune! Dette var eit fantastisk skue. Så på tross av det kalde vatnet, her måtte det bare badast.
Dagsturen nedover langs vestkysten var kjempeflott, og Elafonissi Beach som var vår destinasjon, var nesten lika flott som Balos Beach and lagoona.
På heimveg opp i fjellet, var me innom ei grotte med ei kyrkje i.
Dei siste timane før flyavgang mot kalde nord, brukte me i Agia Triada Klosteret like ved flyplassen.
Andre tur
Tre år seinare (2015) hoppa med på ein spontantur tilbake. Denne gangen på Eliros Studios, ein lika koselig overnattingsstad også i Stalos. Denne gangen var bilparken oppdatert og me fekk utlevert ein splitter ny Nissan. Me heldt oss på nordvestkysten denne veka også. Tok oss nok ein tur til Balos, og ein dag på Falasarna Beach.
Falasarna er ei av Kreatas flotte strender, me hadde ein fin dag her, med ein ikkje så fin avslutning. Då me kom tilbake til bilen, hadde det vore uvedkommande i den, og tatt med seg det som var lagt att av verdiar. Alt var låst ned i bagasjerommet. Politiet kunne opplyse oss om at dette var heilt vanleg, og hendte veldig ofte på Falasarna (finn det veldig rart at me aldri har verken høyrd eller lese noko om dette, mens det er heilt vanleg) Turistar blir overvaka når dei parkerer, og i dagens teknologiske samfunn finnes det så mange duppeditter, også ein som overstyrer signala frå nøkkelen idet ein låser.
Så lås aldri bilen din, og stol på at den er låst fordi du høyrde at den vart låst. Sjekk alltid fysisk! Det er ikkje kjekt å kaste bort ferietid på politistasjonen, ei heller å miste kamera og linser, sjølv om ein er forsikra. Bileta får ein ikkje attende.
Heldigvis får me sei, så hendte dette ein av dei fyrste dagane, så me mista ikkje så mange bileter.
Så etter å ha rista irritasjonen av oss, tok me oss ein ny biltur neste dag, denne gangen til Sfinari og Sfinari Beach. Sidan me var tom for kontantar så ønska me å ta ut litt i minibank. Tenkte at det hadde dei sikkert her, men den gang ei… Dei hadde hatt ein for ei stund tilbake, men etter at det var nokon som stjal heile minibanken så fekk dei ikkje noko ny. Så me måtte gå med uforretta sak, og fortsatt svoltne.
Tredje tur
Den tredje, og foreløpige siste, turen vår til Kreta hadde me i år(2016) i mai, denne gang i to veker, også med leigebil. Men uten fast hotell. Me hadde bestilt hotell for de to fyrste nettene i Kalyves, og dei to neste i Zaros, etter dette bestilte me via Hotels.com etter kvart. Dette vart den flottaste turen vår til no, til Kreta. Å reise slik som me gjorde denne gang vil me anbefale alle som har mulighet til det. For ei øy!
Frå Chania til Lassithi
Ruta vår gjekk frå Kalyves (Porto Kalyves Seaside Apartments). Vi ankom midt på natta, trøytte og slitne, men vart tatt godt imot og fekk tilogmed eit lite nattmåltid.
Etter to netter køyrde me til Zaros (Hotel Keramos), ein fantastisk fjellandsby med mange muligheter om ein likar blant anna turar i fjellet. Dette hotellet er verkeleg verdt ei overnatting, om ikkje for den fantastiske atmosfæren, så for den unike frukosten som vart baka fersk kvar morgon av «mor sjølv». Vi vart her sjølvsagt i to dagar, skulle gjerne tatt fleire, men me ville jo ha med oss fleire stadar òg.
Dag 2 tok me ein tur til Agia Galini, ein liten times køyretur sørvest for Zaros, for å drikke kaffe og ete iskrem.
Lerapetra Europas sørlegaste by
Deretter tok me turen til Lerapetra (Coral Apartments), den sørligaste byen i Europa, også her i to netter, med dagstur til Goudouras.
Sitia/Sita
Etter dette køyrde me til Sitia (Nereids Apartment) med tur til blant anna Itanos Beach og Itanos arkelogiske stad. Her hadde me også tenkt å vera i to netter, men me vart så fasinert av byen og området at me vart i fira netter.
Her vart me møtt med ein nydeleg lokal lunsjrett, som stod klar i kjøleskapet til oss (dei visste når me ankom). Me fekk ein triveleg og god informasjon om området og kva me burde få med oss, det var også ei flott bok på rommet med historier og bileter frå heile området. I byen her er det mange restauranter og små barer, dei har òg ein liten flyplass. Men strendene er vel dei som er flottast.
Sissi
Før me køyrde til Sissi (Porto Sisi Hotel Apartments) tok me ein svipptur tur innom Elounda. Det er her du kan ta båt over til Spinalonga, Lepraøya. Om du har lest boka Øya av Victoria Hislop, er dette eit obligatorisk besøk, vert det sagt. Me har ikkje lest den boka, så me utsatte turen ut der, til etter at me har lest den.
I Sissi hadde me tenkt oss bare ei natt, men vart to. Fantastisk solnedgang, saman med ein utruleg koseleg by avgjorde det ganske så raskt.
Agia Pelagia
Så bar det til Agia Pelagia (Spiros-Soula Family Hotel & Apartments) eit par netter, med ein svipptur innom Heraklion på vegen.
Chorafakia
Heilt til slutt vart det Chorafakia (Aloni Suites) som fekk besøk av oss i to netter, med tur til Stavros Beach. Perfekt avstand til flyplassen for heimreise.
BILETER FRÅ DEI ULIKE STADANE PÅ KRETA ME HAR VERT:
ZAROS:
LERAPETRA:
SITIA:
GOUDOURAS:
BALOS BEACH & LAGOON:
SISSI:
STAVROS:
RETHYMNON:
HERAKLION:
CHANIA:
NORD og VESTKYSTEN:
FJELLA:
ELOUNDA OG ST NICHOLAOS: