Felles tur og naturopplevingar
Kvart år sidan 2005 har bedriftidrettslaget på SØRAL(Hydro Husnes) arrangert ein felles tur med naturopplevingar. Denne helga i den Norske fjellheimen finn stad på seinsommaren. Dei fyrste turane var ikkje me med på, men då me fyrst fekk med oss at denne eventen fann stad, har me vore med så sant me har hatt mulighet til det. Eg har ikkje kome så langt at eg har fått skrive om alle turane ennå, men nokre ligg her, og fleire vil koma.