Ut på tur – aldri sur!
Me som er så heldige å bu i Noreg, med den flotte norske naturen, er endeleg blitt flinkare til å nyta den. Både kroppen og sjela vår har godt av ein tur rundt i den norske fjellheimen. Det treng ikkje vera dei høgaste toppane ein besøker, det gjer like godt med ein tur til den toppen, eller turløypa, du har i din nærleik. Berre du kjem deg ut!