Blå rangle
Då var endeleg tida komt for oss å få det bassenget som eg så indeleg har ønska meg i mange år. Det har tatt si tid, med uendelege husvisningar. Og brått, når me nesten hadde gitt opp, og heller fått pressa inn ein Jacuzzi i eit hjørna av den vetla tomto me allerede disponerte, så fann me draumestaden. Vår nya hytta!!
Blue Marraca – Blå Rangle
Eit godt hus i eit lite og stille byggefelt, med stort basseng. Her var det berre å flytta inn.
Gleda var stor då me endeleg kunne låse oss inn i det nye huset etter tre netter på hotell. Det meste fulgte med, men etter nøye ettersyn, var det av stor nødvendighet med grundig nedvask av alt av skuffer og skap. Ingen ferie med andre ord.
Den store skilnaden var jo sjølvsagt muligheten for å kjøle seg ned med eit deilig bad innimellom.
Gode venner er gull verdt.
Me er så heldige å ha blant andre Ying og Jan som stadig inviterer oss med på eit eller anna kos og gøy.
Vaffeljern medbrakt frå Noreg vart godt nytta på denne turen. Likeså Svanhild «the sucker» og steiketakka.
Huset
Dette huset har 3 soverom og 3 bad, to av soveromma har utgang til hagestova og basseng. Her er stort og godt utstyrt kjøken og stor stova.
Morgonkaffien
Her er mange muligheter for å nyte sola. Frukosten og morgonkaffien kan du ta i front av huset eller ved bassenget, begge stadar har morgonsol (framsida har sola frå den kjem opp, ved bassenget kjem den pittelitt seinare)
Sette vårt preg på vårt nye hus
Sjølv om det ikkje var nødvendig å gjer noko som helst med hus eller hage, fann me ut at me ville ta vekk graset mellom hus og basseng. Det var så vanskeleg å unngå å dra med seg gras i bassenget, så her ville me fliselegge.
Nyte resultatet
Etter at første trinn var ferdig, to veker etter planen, var me veeldig fornøgde. Tre veker med uendeleg mange turar til HomePro på Market Village, Index, Thai Watsadu, Boonthavorn .
Idyll
Pynte og dekorere
Det var mange blomapotter som fulgte med huset, men dei fleste var slitte og trong mykje kjærlighet og stell. Det tok mange dagar, men no ser dei nye ut.
Ei stor potte vart vårt nye bord ved bassenget. Me fekk laga ei passeleg glasplata til den og restultatet vart me kjempenøgde med.
Pauser i arbeidet
Vi hadde jo ferie, så når det vart pauser i arbeidet, mens me venta på at betongen skulle herde og dei bestilte flisene ankomme….Då reiste me på tur.
Chao Samran
Me var så heldige at våre venner frå Uskedalen, Marta Kjersti og Leif, på nyinnkjøpt blå scooter, hadde lyst å vera med oss på overnatingstur til Chao Samran. Det er ei bygd før Ban Laem nokre mil sør for Bangkok.
Me starta turen på morgonkvisten, køyrte over Hin Lek Fai og vidare på kanalvegen til Cha Am, der me åt frukost ved Cha Am Beach.
Det viste seg at det hadde vore nokon å mata apekattane ei stund før me kom, så det var store mengder apekattar. Ein låg død i vegbanen, truleg påkøyrt.
Etter å ha sjekka inn på hotellet vårt, tok me oss ein sightseeing tur til saltslettene i Ban Laem
Sam Roi Yod
Ved neste pause tok me turen til Sam Roi Yod. Då og starta me tidleg på kvisten og køyrte via Khao Tao, Pranburi, Khao Kalok, Dolphin Bay til La Isla i Bang Pu i Sam Roi Yod. Dette hotellet ligg omlag 50 meter frå stranda, med elva rennande bak og ut ved stranda.