Bakar
Eg har alltid lika å bake, men har aldri drive med den heilt store pyntinga. Det var meir barnekaker pynta med krem i ulike farger, som Ole Brum og 101 Dalmatinere. Samt småkaker, kjeks og gjærbakst. Det heile tok litt av i det eg ønska å laga, og dekorera, konfirmasjonskaka til Stine, dotter mi, sjølv. Og dermed fann eg oppskrifter på MMF (marshmellowfondant) og framgangsmåtar på å laga Calla liljer.

No etter mange år, og Stine er flytta ut. Har det blitt mindre baking. Å baka er kjempekjekt når ein har nokon å servera det til. Både Stine og Atle er over gjennomsnittet glade i kaker, men dei har ikkje godt av å eta slike mengder som eg baka på det meste.
Så no går det stort sett i brødbaking ein gong i veka, samt noko «småtteri» ein gong i blant.