Frøystul


Det er ikkje berre saman med Bedriftidrettslaget eller damene eg går på tur. Både Stine og Atle er glade i ein fjelltur, så av og til får me til ein tur saman. Til og med Ola får me med oss 🙂

Hyttetur til Hydrohytte på Frøystul 2023

I august reiste me på hyttetur til Frøystul. Stine, Ola, Atle og meg. Stine høggravid.

Turen starta fint fredag etter lunsjtid. Me starta tidleg fordi me ønska å koma tidleg fram og kunne utnytte ettermiddagen til litt sightseeing.

Vel…me kom ikkje lenger enn nesten til toppen av Hålandsdalen.

Pungtering

Der pungterte me. Med dagens bilar er det ingen enkel sak å pungtere.

Før i tida var alt så mykje betre 🙂

No har me ingen stepphjul, ingen jekk, kun ein motorisert pumpe med ein boks med skum. Her var flenga i dekket så stor at hjelpemiddelet vårt var til ingen nytte. Då var det berre å trykka på knappen til VolvoOnCall, oppgi navn, nummer og årsak til eg trykka på knappen. Så var det å vente, å vente, å vente…

2 og ein halv time seinare kom sjølvaste Thord med leigebil og tok med seg «Olaf» til Odda, mens me fortsatte mot Rjukan i ein daukjørt Suzuki Swift 2015, med utslitte gampar under panseret.

Me kom fram i tide til å lage ein god kvelds, sjå litt tv og legga oss.

Hydrohytter

Hydro har mange hytter, blant anna på Frøystul eit par mil frå Rjukan og Gaustatoppen. Dersom ein arbeider i Hydro og er medlem av hyttesystemet kan ein leige ei hytte her.

Området på Frøystul består seg bare i hytter, men det er eit flott område med tur og sanke muligheter. I tillegg ligg det ved eit vatn der ein har mulighet til å leige båt og prøve fiskelukka.

Rjukan

Rjukan er vel mest kjent for Tungtvannsaksjonane, men her er og anna historie.

Gaustatoppen og Gaustadbanen

Me hadde lagt planar for helga, den eine var tur til Gaustatoppen.

Sidan Stine går høggravid og i tillegg har bekken og ryggproblemer, og må bruke krykker når ho må gå litt, tok me Gaustabanen opp denne gangen.

Dagen var nydeleg, sol og god sikt, men ein veldig sur vind, men Stine fekk no tatt gravidebileta sine 😀

Me hadde ein tur til Gaustatoppen i 2021, då gjekk me opp:

Gvepseborg 886 moh

Ein annan plan var tur med Krossobanen.

Tar du Krossobanen til enden kjem du til Gvepseborg. Her har du muligheten å gå mange løyper innover Hardangervidda, eller berre nyte utsikta over Rjukan, Sukkertoppen(Gaustatoppen) og Vemork.

Vemork

Dernest stod Vemork, Tungtvannmuseet, på planen. Denne staden har ein viktig historie.

Ikkje berre på grunn av tungtvannaksjonene under den andre verdskrig, men og fordi det er her grunnlaget for norsk kraftindustri vart lagt.