Ein liten vårtur til Kreta


Avreise frå Sola

I og med me bur der me bur, har me tre mulige flyplassar å reisa frå. Flesland/Bergen, Sola/Stavanger eller Haugesund. (Vi har for så vidt også mulighet å reisa frå Sør Stokken på Stord, men då via ein anna innenlands flyplass.)

Me har og funne ut at det er mykje meir avslappande å reisa dagen før flyavgang, å heller overnatte på hotell. Då slepp me unna stresset med at noko uforutsett kan hende på vegen, som hindrar oss i å rekke flyavgangen. Stress er det nok av i livet, kan me unngå det så gjer me det.

Hotell med parkering

På Sola er me fan av hotell med parkering av bilen for heile turen vår inkludert, enkelt, greit og rimelegare enn parkering på sjølve flyplassen. Denne gangen landar me på Sola midt på natto, så då har me ei god seng å sova i, samt ein roleg og god frokost søndag morgon før den lange køyreturen heim.

Chania til Rethymnon

Det er ikkje å stikka under ein stol at det er godt å kjenna varmen slå litt imot ein når ein kjem ut flydøra. Kreta har vore ein stor favoritt i mange år no, me satsar på at øyo innfrir denne gangen og.

Me landar i Chania og leigebilen ventar på oss. Den fyrste veka har me hotell i Rethymnon. Me er ikkje heilt glade i større byar og store turiststadar, men slik vart det denne gangen.

Vegane på Kreta var verkeleg oppgraderte sidan sist, fortsatt litt vegarbeide her og der, men ikkje som sist. Hotellet fann me raskt fram til då me ankom Rethymnon.

Årets fyrste gjestar på Melmar hotel

Sidan årets sesong akkurat er starta, var me faktisk årets fyrste gjestar på hotellet. «Melmar» ligg 1,5 km frå sentrum og gamlebyen, og var nymala og oppfiksa til sesongen. Ikkje lange beten ned til stranda, og med mange restaurantar i nærleiken.

Rethymnon hamn

Etter eit par døgn var me ganske leie heile Rethymnon, me har vore her før å sightsa, så me har sett det me ønska allerede. Dermed tok me oss ein avstikkar. Det var meininga at me skulle vera borte to netter, men det vart tre.

Rethymnon

Me er kanskje ikkje heilt som dei fleste andre solturistane. Å ligga på stranda heile dagen er ikkje det me gledar oss mest til, kan du sei. Men me fekk oss nokre mil i beino langs strandpromenaden.

Kalamaki

Planen var å reise til Vai, ein nydeleg stad som me har vore så vidt innom før, for deretter å køyra til Zakros å overnatte og gå til Gorge of the dead, dagen etter. Ein fira timars fjelltur. Men sidan det var så mykje vind, endra me planane og køyrte til ein annan stad me ikkje har vore før: Kalamaki

Kalamaki Beach

Middag på strandpromenaden

Kalamaki er ikkje store staden, men ganske fint. Strandpromenaden er ganske typisk med restaurantar langs den eine sida, og stranda på andre. Fint å sitje her i solnedgangen.

Ein skal passe seg litt når nokon har ein veldig dårleg dag…

Veldig deilig å vera på tur så tidleg i sesongen, sjølv om det er overraskande mykje turistar etter kvart.

Knossos Hotel

Etter å ha snakka litt med innehavar, fann me ut at me ville ha med oss eit par av nærområdets «must see» attraksjonar.

Sidan sesongen så vidt var opna, var me dei einaste gjestene her òg. Eit koseleg lite hotel, med ei utruleg triveleg dama(som eg diverre ikkje hugsar namnet på) som dreiv det saman med mannen sin. Dama var eigentleg tysk, men som så mange andre var ho på ferie, vart forelska, og vart verande.

Moni Odigitrias

Moni Odigitrias er eit kloster på veg til Agiofaraggo beach. Vi har besøkt vår del av kloster etter kvart.

Agiofaraggo Beach

Når vegen byrja bli for dårleg for bilen, etter vår meining, så parkerte me og gjekk resten. Det vart nåken kilometer.

Været var nydeleg, naturen like så. Ein fantastisk tur til ei nydeleg OG fredeleg strand.

Vi gjekk for det meste aleine. Då me ankom stranda, var det nokre som hadde telta der nede.

Me hadde starta turen vår ganske tidleg på morgonen, og fann raskt ut at det var grunnen til at me faktisk var der ganske aleina.

Ein liten time kunne me nyta stillheten med svakt bølgeskvulp på stranda av rullesteinar. Då snudde me nasen på heimover att.

At stranda vart overfylt utover for – og ettermiddagen, var det nok ingen tvil om…. på vår veg tilbake til bilen møtte me ikkje mindre enn 11 safari sightseeing jeepar, samt mange andre. Såå glade for at me var tidleg ute 😀

Her har me vore mange gangar før, og vil nok koma tilbake igjen. Dette er ein liten fjell by, med mange tur mulighetar. Veldig koseleg stad.

Keramos hotel

Dette hotellet har me budd på fleire gonger, faktisk kvar gong me har vore i Zaros. Det har eg både skrive om og vist bileter frå før. Så denne gongen tok me ikkje mange bilete her.

Frukosten var litt endra frå fyrste gongen me var her, dette beror nok på at «gamle-mor» ikkje er her meir.

Vegera Restaurant

Restauranten serverer ein satt meny/buffèt kvar dag. Forrett, ulike middagsrettar og dessert. Pris 15 € pr. person (pdd).

Denne ettermiddagen vart det servert blant anna ei suppe til forrett, Mousaka, kjøttboller, fylte tomater, kylling til forrett og ei «kake» med kanelstrø til dessert. Inkludert i prisen er òg ein karaffel med vin (ulike størrelsar).

Her hamna me nesten i bursdagslaget til den lokale sykkelgjengen. Kaka fekk me òg!

Fjelltur i den sørlige delen av Psiloritis

Fjellområdet her, Psiloritis mountain, innbyr til mange fjellturar, me har gått fyrste delen av denne turen før. Sist gjekk me opp til grotta, Gorge of Agios Nikolaos, snudde med skiltet som sa at resten av turen går du på eget ansvar.

Det såg både bratt og farlig ut.

No var me både litt eldre og tøffare!

Heile turen tok oss 6 timar, tur/retur.

Då gjekk me frå Zaros Lake via Gorge of Agios Nikolaos (E9) til Ekklisia Agios Ioannis, gjennom Rouvas Forrest til Mitato Dasos Rouva. Og tilbake same veg.

Det var mange andre løyper ein kunne velge, dette vart vår, denne gangen. Eg ser ikkje vekk ifrå at da kan bli fleire gangar.

E4

Rouvas forest develops in a small – depression – plateau at the southern part of Psiloritis mountain. One can approach the forest either from Gergeri village through the forest road, or from Nida Plateau again through a forest road or even by walking in the European hiking trail E4, starting from the Zaros lake, crossing the amazing Gorge of Agios Nikolaos and reaching the forest after 2 hours.

Kjelde

Denne turen vår er ein del av European Long-distance paths

By Maximilian Dörrbecker (Chumwa) – Own work, usingthis file by Pyfisch which usesthis base map by Alexrk2The information of the contents is from the following sources:ERA FoundationWaymarked Trails: E1, E2, E3, E4, E5, E6, E7, E8, E9, E10, E11Traildino, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=40964896

Ekklisia Agios Ioannis, Zaros

Dette er ei lita kyrkje i begynnelsen av skogen. Plassen her er veldig idyllisk, ideell for camping, vil eg tru.

Skogen her er på Unescos verdsarvliste.

Rouvas Forrest

The holly grove of Rouvas is located 55km south of Heraklion and 16km north of Gergeri village, in one of the most rugged and secluded parts of Crete. This isolation is the main reason for its existence, since humans have fortunately not destroyed that like all the other lost forests of Crete.

Kilde

Mitato Dasos Rouva

Turen var ikkje mindre enn fantastisk!

Men du skal vera forsiktig, her er det bratt og omtrent berre stein så her går det ras titt og ofta. Det fekk me sjå på tilbakevegen, då stien var sperra av store steinar som hadde rasa ut, midt i stien.

Flora i fjellet

Lerapetra

Kvar gong me har vore i Lerapetra har me vore her på denna «pøbben». Den einaste me har vore på så serverer tradisjonell MEZE!

Coral Boutique Hotel

Kastri

Her har me vore før, ein gong. Trivdes so at me måtte berre tilbake. Veldig nøgde denne gongen òg.

Me køyrde gjennom sentrum, som er strandpromenaden på nokre hundre meter, såg ein stad som såg utruleg flott ut. Der sat det eit par tursitar, ved sjøen på andre sidan av vegen, som kunne sjå ut som dei muligeins kunne bu der. Det gjorde dei, og plutseleg budde me òg der.

Langs sentrumsgata er det fleire restaurantar, me prøvde ut eit par av dei. Sist gang me var her, var det ikkje lika «stort» sentrum, og berre nokre få restaurantar. Taverna Morning Star, var den me besøkte mest.

Aldeles nydeleg mat!

Taverna Morning Star

Dernest likte me best Taverna Jimmy, me skulle prøva fleire, men kom berre ikkje lenger

Taverna Jimmy

Philoxenia Appartments

Portela Apartments

Skouros Beach

Agia Galini

Areti Hotel

God mat har dei på restaurantane i Agia Galini òg, men den dårligaste Pita Gyrosen eg nåkon sinne har smakt, fekk eg her!

Maten på campingen derimot, var veldig god.

Heimatt

Me hadde nokre timar køyretur framom oss frå Agia Galini til Chania, men flyet vårt hadde ikkje avgang før seint på kvelden. Då kunne me slå ihjel tida med litt sightseeing i Chorafakia.

Gouverneto Monastery

Detta er eit kloster datert tilbake til 1537. Ryktet seier at det er det eldste klosteret på Kreta, og ei folketeljing i 1637 slår fast at det då budde 60 munkar der noko som gjer da til eit av dei største på Kreta på den tida. Wikipedia

Eigedommen til klosteret er enorm, og ein kan gå heilt til sjøen. Dette hadde ikkje me tid til sidan me hadde eit fly å rekka. Nåko må me jo spara så me må reisa ein ny tur til Kreta.

Ved ruinane er det ei grotte som inneheld eit lite kapell

Siste måltid på Kreta for denna gongen på «Irene Taverna» i Chorafakia

Her har me ete mange ganger, og har vore lika fornøgde kvar gong!

Så er det berre å komma seg i bilen med retning flyplassen, som berre er nokre få kilometer unna. Nok ein ferie er over…..

Etter nok ein tur til Kreta var me enige begge to, (noko me særdeles sjeldan er 😉 ) Kreta er ikkje som det ein gong var, det har mista litt av identiteten sin. Det meste er alt for mykje tilpassa turistar, det me forelska oss i dei fyrste gangane me var her, er neste borte.

Denne utviklinga likar eg ikkje!

Turistar er viktig for inntekta, men det viktigaste er å ta vare på det autentiske, det som gjer deg til deg. Me er vertfall turistar som ønsker å oppleva staden me vitjar, slik staden er.

Kvar skal me reisa når alle stadar er blitt like? Alt berre er hotell og restaurantar, som er der kun for turistane?

Derfor reiste me rundt på Kreta, lika oss ikkje i «turistbyane», men no byrjar små stadane å bli for like «turistbyane». Skuffa!!