Bangkok ~ Byen som aldri søv ~
«The city that never sleeps»
Me har hatt fleire turar til Bangkok, mest for shopping og litt for sightseeing. Det lengste opphaldet her var i forbindelse med min fars sjukdom og død, der han var innlagt på Bangkok Hospital i ein måned.
Her har me overnatta på mange ulike hotell, nokre veldig bra, andre ikkje heilt å anbefala. Nokre med tanke på å væra turist nokre dagar i byen, nokre bare for å overnatte for å reise vidar neste dag og andre igjen fordi ein treng ein billeg stad å bu på ubestemt tid.
At byen aldri søv er sant nok, men den blir ganske mykje roligare på nattestider likevel. Det kjem nok an på kor man er i den store byen.
Shopping i Bangkok
Uansett om ein er ute etter billege klokker eller dyre design-klær, finn ein det her. Frå utendørsmarked som sel billige kopivarer, til enorme kjøpesenter med varer frå eksklusive merker som Louis Vuitton, Emporio, Armani, Gucci, Hugo Boss, Burberry og Prada.
I byen finn du meir enn 250 kjøpesentre og varehus, dei fleste finn ein langs Sukhumvit Road og ved Siam Square.
Dei mest kjende kjøpesentrene er:
Utandørsmarkeder:
Severdighetar som kan vera greit å få med seg i Bangkok:
Norge har ambassade i Thailand, Bangkok
Suvarnabhumi (BKK) er den internasjonale flyplassen i Thailand, og den ligg i Bangkok
Don Muang er innlandsflyplassen i Bangkok, Thailand. Den var også den internasjonale flyplassen fram til Suvarnabhumi opna i 2006.