Kvart år spanderar Atle ein tur på meg til bursdagen min, i år vart det til Tallinn. Me reiste frå Flesland på ettermiddagen, via Gardermoen og Arlanda til Tallin. Ei skikkeleg mjølkeruta, men triveleg sidan me reiste på plus billett. Heiv oss i ein taxi på flyplassen og var innlosjert på hotellet ganske kjapt, men seint på kveld. Hotellet me hadde landa på til slutt var PK Il Marine, eit greit og ganske sentralt hotell.
Sidan klokka no nærma seg midnatt, passa det seg godt å ta seg ein liten spasertur til gamlebyen for litt nattmat og drikka. Og me var godt forberedt på klimaet, til denne turen var det pakka med godt med ull og varme klede, skal lova det var kaldt!
Etter ein god frukost dagen etter, var det på tide å ta med seg kameraet og koma seg på sightseeing. Været var ganske fint, men grueleg kaldt.
Det skulle visa seg å bli verre! Halvvegs i sightseeinga vår vart me overraska av snø og sludd «storm», så me fulgte fjellvettreglane og snudde i tide, eller gravde oss ned på fyrste og beste restaurant og bestillte Hot Wine(Hõõgvein eller Gløgg). Skjønar ikkje kvifor me berre drikk det til jul, det smakar og varmar jo lika godt på alle kalde dagar.
Etter eit par så hadde me fått varmen att i kropp og sjel, og var klare for neste etappe.
Tallinn – Estlands hovudstad og viktigaste hamneby
Tallinn er hovudstaden i Estland og er mest kjend for sin middelalderbebyggelse. Heile byens historiske sentrum er på UNESCOs verdsarvsliste. Tallinn har historisk vore kjend for sine fine hamner i tillegg til å ha vore ein stor marknadsstad sidan 900-tallet.
Befolkninga er opptatt av å bevara det ekte estlandske. I tillegg finnes her endeslaust med butikkar, barar og restaurantar. Været i Tallinn er vanlegvis bra, frå mai til september er det god sommartemperatur. Me var litt for tidleg for den rette temperaturen, her var bikkjekaldt!
Tallinn er Estlands viktigaste hamneby. Her kjem det turistar frå heile Norden, og sidan Tallinn ligg berre 8 mil sør for Helsinki, er det mange finnar som tar snøggbåten mellom landa på helgatur, eller dagstur, for shopping og fest. Harryhandel er det ikkje berre nordmenn som bedriv…
«La deg sjarmera av brusteinsgatene i Tallinn, som var ein av hanseataranes byar. Tallinns historie er fasinerande, og gater og byggverk er vitnesbyrd på tidligare tider. Me anbefalar Tallinn på det varmaste», skriv Reiseplaneten.no, og det er me einige med dei i!
Rocca Al Mare Friluftsmuseum
Me har etter kvart vore innom eit par friluftsmuseum, og kan verkeleg anbefala det. Særleg om du likar litt historie, men uansett er det ganske så triveleg å berre spasera rundt, i det tempoet ein ynskjer, å sjå seg omkring.
Heile området er idyllisk og romantisk. Sidan me er så tidleg på året, sommarsesongen har akkurat opna, er ikkje alt på stell ennå. Blant anna er ikkje dyra komne ut, og det er ikkje liv i alle tuna, slik det skal vera.
Det er viktig at slike gamle reiskapar vert tatt vare på, det var ein gong….
Den eldste bygningen er ei trekyrkje frå 1699. Ellers er dei fleste bygningane frå byrjinga av 1800 tallet og frametter.
«Bare den som oppsøker fortiden, kan bli til stede i nåtiden og ha mot på fremtiden.» (Per Arne Dahl)
Kjelder: