Angkor Wat er på UNESCO`S verdsarv liste.
Når man går der på desse steinane/hellene og ser utover dei storslåtte bygningane, statuane og reliefane som er tæra av tidens tann og herjingar. Så undrar ein på korleis såg det eigentleg ut her då det stod ferdigstilt!? Kor storslått var det då? Tenk om dei allereie då hadde hatt kamera slik at me kunne fått sett korleis det var, då.
Angkor Wat (Byen som vart eit tempel) er det største og mest spektakulære byggverket i Angkor-området og i heile Kambodsja.
Tempelet med dei fem berømte maiskolbe-lignande tårna vart bygd i kong Suryavarman 2s regjeringstid (1113-50). Heile tempelområdet er på 200 hektar, mens sjølve tempelet Angkor Wat opptar ei flate på ni hektar og når ei høgde på 65 m. Byggearbeidene pågjekk over fira tiår. Steinane vart henta frå fjell femti km borte, ved hjelp av elefantar og flåtar som frakta bygningsmateriala ned elva.
Angkor Wat vart opprinneleg viet til hindu-guden Vishnu, skaparverkets beskyttar, og er full av symbolikk. Det sentrale tempelet skal representera Meru-fjellet, med fem toppar, som er gudanes bolig i hinduismen. Dei ytterste av dei fira store forsvarsmurane symboliserar verdas ytterkantar, og vollgrava er det kosmiske hav, som omsluttar verda. Vanlege borgarar fekk ikkje gå lenger enn til den innerste muren. Innanfor den var det berre kongen og hans hoff som fekk gå. Dit gjekk kongen for å æra og tilbe Vishnu, og etter sin død skulle han gravleggast der, og bli eit med guden. Ein tre meter høg statue av Vishnu med åtte armar står like innanfor hovudinngangen til Angkor Wat.
Ikkje bare sjølve byggverket med dei karakteristiske tårns imponerar i Angkor Wat.
Staden er også kjend for sine mange og mangfoldige veggrelieffer, som dekkjer veggane rundt tempelet i ei lengde på 700 m og ein høgde på to meter. Relieffane avbilder religiøse motiv og historiske begivenhetar. Bl.a. finn ein detaljerte illustrasjonar av hinduismens to mest berømte sagn, Ramayana og Mahabharata. På eit anna felt utpensles i rystande detaljar lidelsane som synderane utsettes for i helvete, men også gleden i himmelen for dei som har skikka seg slik at dei kjem dit. Relieffane gir også plass til kong Suryavarman 2s liv og kampar, noko som gir et verdifullt innblikk i ei tid som vi nesten heilt manglar skriftlege beretningar om.
Angkor Wat inneheld i tillegg ein del Buddha-statuar, bl.a. restane etter «Salen med dei tusen Buddhaer» som minnar om at Angkor Wat vart ein buddhistisk helligdom etter kvart som hinduismen vek plassen.
Angkor Wat er blitt Kambodsjas nasjonale symbol. Dei fleste av landets nasjonalflagg opp gjennom tidene, uansett regime, har hatt tempelanleggets velkjente tårnsilhuett som eit sentralt element.(snl.no)
Kjelder: